Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Vi er ein ressurs!»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. januar 2026
«Vi er ein ressurs!», var den klare bodskapen da Pensjonistforbundet Surnadal inviterte til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei onsdag. Dette var første medlemsmøtet i Pensjonistforbundet i år, og knapt femti medlemmer møtte opp på frivilligsentralen fekk ei triveleg stund. 
 
Varaordførar i Surnadal kommune, Annett Ranes, heldt eit særs interessant foredrag om temaet «Eldre som ressurs».
 
Ho var tydeleg på at dei eldre er ein stor ressurs i samfunnet. Dei er kunnskapsrike og har mykje erfaring, ikkje minst når det kjem til praktiske ferdigheiter. Dette bør generasjonane etter oss få del i!, kan Ann-Sissel U. Mogstad, sekretær i Pensjonistforbudet Surnadal, fortelje oss. 
 
Essensen i det Ranes snakka om kan oppsummerast slik, legg ho til: 
  • Gå frå å snakke om eldrebølge til eldrekraft.
  • Det er store utfordringar med tanke på demografisk utvikling.
  • Vi har mykje – og kan få til mykje – i Surnadal.
  • Den kunnskap og dei ferdighetar som eldre har vil vere viktige i beredskapen framover.
Publisert: 29. januar 2026, 20:05