Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vi e vænna for livet….

Vi e vænna for livet….

Elinor Bolme Onsdag 20. juni 2012

…slike e gode å ha, avslutta 1.-7. klasse ved Todalen oppvekstsenter etter nok ei sommaravslutning med stil. Her hadde ungane som tidlegare år øva både vel og lenge for å levere bra underhaldning. Nesten alle elevane deltok, nokon med meir entusiasme enn andre, og bidrog til stolte foreldre og besteforeldre.

Barnehageungane åpna med songane Blomster små og  Rocke’n roll, fiskeboll, og sette som vanleg salen i kok. Etterpå var det skuleelevane som framførte dei ulike innøvde numra med dramatiseringar, song og dans. 7. klasse hadde med litt hjelp frå lærar Kristin Grønnes laga ein film om eit tenkt liv i Todalen. Svært så dramatisk.

Då programet ebba ut etter langt over 10 Halvdan Sivertsen songar i potpouri fekk lærarane sine velfortente blomstrar, medan Helen Saksen fekk ei ekstra oppmerksomheit i anledninga av at ho no blir pensjonist. Ho har vore med frå første stund i det som ein gong starta som ein onnabarnehage på 70-talet. Imponerande.

Under er noen bilder fra de ulike fremføringene Det er også plana å leggje ut ein filmsnutt etterkvart.  Alle foto: ElinorB

Først publisert: 20. juni 2012, 11:00 - Sist oppdatert: 19. juni 2012, 21:56