Vegard Mogstad har sin base hos NK Energi i Surnadal, men han har heile Midt-Noreg og vel så det som sitt arbeidsområde – igår var han på Smøla og Aure, medan han onsdag var i Lom i Gudbransdalen med drivstoff. Det går omtrent like mykje drivstoff i ferietida som resten av året, for da aukar turisttrafikken utruleg mykje, seier Mogstad.

Vegard Mogstad frå NK Energi avd. Surnadal – som forsyner heile Midt-Noreg med drivstoff. I går var han på Smøla og Aure – onsdag var han i Lom i Gudbransdalen. Foto Jon Olav Ørsal
Han kom i «grevens tid» med blankdiesel til HalsOil i Todalen. Sojndre fortel at han var nervøs for at det skulle gå tomt for diesel før han rakk å fylle tankane – men Vegard kom akkurat i det tanken var i ferd med å gå tom – dermed vart det 10000 liter blankdisel og 4000 liter fargadiesel – dermed bergar både ferietid og 2.-slått frå HalsOil-pumpa på Kvennset.

Satsar på å være billigst i by’n – Sondre merkar auka turisthandel no i sommar. Turistane er flinke til å støtte nærbutikken seier han. Foto Jon Olav Ørsal
Billigst i by’n på drivstoff :
Utruleg bra sal av drivstoff, berettar Sondare Halset som er eigar og drivar av HalsOil og Matkroken Todalen. – Vi satsar bevisst på at vi skal være «billigst i by’n», og det har vi stort sett greid. Det har vært store variasjonar på drivstoffprisane, som har si årsak i ufreden i Midt-Austen. Prisen gikk opp ei krone i går, og ned igjen 30 øre i dag. I skrivande stund er literprisen både for blankdiesel og bensin E10 kr 18,90 pr liter.

