Frå og med måndag 20. april flytta venterommet for busspassasjerar som reiser frå eller til Surnadal. Ventrerommet flytta da frå Surnadal kulturhus til kjellaren på Frich’s Hotel Surnadal. Inngangen til det nye venterommet er ved foten av gangbrua på hotellet.
I ei pressemelding skriv FRAM at det er viktigaste for dei at dei reisande har ein godt fungerande plass å vente, samtidig som den er lett å finne. Venterommet er tilpassa dei viktigaste behova passasjerane har.
FRAM oppmodar dei reisande om å merke seg den nye lokasjonen for venterommet før reisa.
Oppdatert reiseinformasjon finn ein på frammr.no og i FRAM-appen. FRAM-appen kan ein laste ned på FRAM-appen frå App Store eller FRAM-appen frå Google Play.
GOD TUR!

