Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ventar på første salva for Trollheimstunnelen

Ventar på første salva for Trollheimstunnelen

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. februar 2010

Debatten omkring tunnel gjennom fjellet eller bru over Todalsfjorden har gått i media dei siste dagane. Det var Ola Hals frå Ålvundfjord som hadde samla eit hundretall underskrifter og laga eit mediasirkus rundt det. Han er nok litt seint ute med innspel i ein debatt som egentleg er avslutta for fleire år sidan.
Politikarane Ragnar Halle, Jon Bruset og Dan Roger Pedersen står tirsdag fram i TK og roar ned gemyttene, for dei bekreftar at det store flleirtal mellom todalingane går for tunnel. Dei seier at det nok finst todalingar som er mot, men dei fleste innser at fordelane for fleirtalet både i Todalen og på resten av Inddre Nordmøre nok er viktigast. Ragnar presiserer også at Trollheimstunnelen nok ikkje vert bygd for todalingane, men for heile regionen. Trollheimstunnelen vil nok skape ein større arbeidsmarknad og betre kommunikasjon som både bebuarane og næringslivet i regionen får nyte godt av.
Les meir om dette på nettsida til Tidens Krav.

Publisert: 23. februar 2010, 19:38