Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vemund Øvstehage kom først i mål på Trollheimen Ultra – oppdatert med resultatliste

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. august 2026

Vemund Øvstehage trekte det lengste strået i Trollheimen Ultra 100 som vart arrangert i Todalen laurdag.  Vebjørn og Lorents Ola Aasvold kjempa heile løpet om å ligge i tet, og slik vart da og resultatet ved målgang, med Ola på andreplass.  Vedmund fikk tida 11.33.14 i mål medan Ola kom på 11:55:52 – avstanden mellom dei to auka på siste del av løpet frå Tovatna til målgang på Bordholmen. På tredjeplass kom Espen Avset Fredriksen med tida 12:36:18 og beste lokale løpar vart Steinar Johansen Aarvåg som kom på fjerdeplass berre 5 minutt frå bronsemedalje.

I skrivende stund er det ingen i dameklassen som er komne i mål, men Gina Flugstad Øistuen ligg best an med beste mellomtid på Kårvatn på 12:10:00 – her ligg Lisabet Sætherbø an til ein andreplass med nest beste mellomtid på Kårvatn med tida 12:29:30.  Veronica Aasgård frå Søya har og gjordt eit godt løp, og har 3. beste mellomtid på Kårvatn på 12:27:00.  

Steinar Johansen Aarvåg fekk beste tid av lokale løparar. Foto Jon Olav Ørsal

Det var 60 løparar som stilte på startstreken på Borholmen i dag tidleg da starten var kl 06:00.  Sjølv om dei raskaste no er komne i mål etter 11-12 timar i fjellet, så er det mange løparar som enno ikkje er komne til Gammelseterdalen og som nok er førebudd på å ta siste del av løypa med hodelykt og ta litt av kvelden og natta til hjelp før dei er komne til målgang.

60 motiverte løparar stillte på startstreken kl 06:00 laurdag morgon. Foto Jon Olav Ørsal

Regnvêret dei siste dagane har gjort at det er både vått og glatt i fjellet så det har nok vore mange knall og fall i løpet av dagen, men så langt er det ikkje meldt om nokon skader der det har vore behov for tiltak frå Røde Kors som har fleire postar i den ti mil lange løypa. 

Offisielle resultatlister
Antall påmeldt: 60  Antall startet: 48  Antall fullført: 40
Her kan du laste ned den offisielle resultatlista frå Trollheimen Ultra 100 – 2026.  Klikk på linken og laste ned resultatlista som PDF-dokument 

Lisabeth Sætherbø kom i mål på 14:54:48 og ein fin 2.-plass i dameklassen. Foto Vigdis Rodal

På damepallen: Frå venstre Lisabet Sætherbø, Gina Flugstad Øistuen og Veronica Aasgård – altså vart det lokal 2.- og 3.-plass. Vigdis Rodal

Vind i seglan på Bordholmen i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Vedmund Øvstehage går over målstreken som vinnar. Foto Jon Olav Ørsal

Lorents Ola Aasvold klar for målgang på Borholmen – 2. plass til Lorents Ola. Foto Jon Olav Ørsal

Tredjeplass til Espen Avset Fredriksen. Foto Jon Olav Ørsal

Emil Ansnes frå arrangørklubben i mål etter 100 km og 3700 høgdemeter i Trollheimen. Foto Vigdis Rodal

Først publisert: 15. august 2026, 20:01 - Sist oppdatert: 17. august 2026, 06:10