Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka rekrutteringskveld i Toåa, men spent på gjenopning

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. august 2026

Det er tredje året at Todalen elveeigarlag arrangerer rekrutteeringskveld i elva – eit arrangement som først og fremst er beregna på born og ungdom  – der også eldre kan være med og «kaste glans» over arrangementet.  Eit trettitals personar i alle aldre var samla ved gapahuken i Båthølen, det svartkjelen kom på bålet og sørga for ekte bålkaffe til nylaga sjokoladekaker til deltakarane. 

Sosial kveld med bålkaffe og sjokoladekake – eller Taimat om du heller ville ha det? Foto Jon Olav Ørsal

Jo Kvande Hansen frå Intersport Surnadal var hyra inn som ekspert og instruktør, og det var mange som fekk gode råd for fiske og fangst, og jammen var det ikkje ein stor laks som hoppa og viste seg fram til rekruttkomaniet på land.  Det høres kanskje litt rast ut at vi arrangerer rekrytteringskveld for laksefiske når elva er stengt, men vi er optimistar og har god tru for at elva snart blir opna igjen, seier Stig Husby i Todalen elveeigarlag. 

Populær sommarmat – Mali og Nina sørga for Taimat til heile gjengen. Foto Jon Olav Ørsal

Og optimismen er ekte, for elveeigarlaget har jobba med teljin av laks oppover elba og berre i den øverste delen har dei rekna over 60 laks.  No skal dei kjøre på med teljing i resten av elva, og eg trur vi med rette kan være optimistar, seier Stig.  Petter Overvåg som har vore mangeårig laksefiskar med tilhald på Todalshytta har trua på att laksen kjem att – vi kan ikkje gjere anna enn å håpe, og alle må være med og legge til rette for laksen og gjera so godt ein kan.   Overvåg har fiska i fleire elvar og ser den same tendensen – det er likeens i Åheimselva heime på Sunnmøre og likeeins var det i Gaula da eg var der på opningsfiske. Det må nok tiltak til for å få fisket på gamle høgder.

Stig Husby frå elvaeigarlaget, Frikk Talgø og Petter Overvåg som er laksefiskarar. Dei tre hadde trua på at det blir fiske igjen – det er iallfall bra med fisk i elva kunne dei kostatere. Foto Jon Olav Ørsal

No driv vi for fullt og kartlegg grunnlaget for å gjenopne elva dei siste par vekene – vart forresten imponert da det spratt ein stor laks medan vi heldt på med instruksjon i flugefiske. Det har eg aldri opplev før, seier Husby.  Så no satsar vi på at det er forsvarleg å opne oppat – det blir avgjort om ein dag eller to dersom alt går etter plana.

Stig Husby er spent på lakseteljinga i resten av elva – så langt er det iallfall bra resultat. No jobbar vi for fullt med å kartlegg grunnlaget for gjenopning, seier Husby

Publisert: 13. august 2026, 20:00