Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velkomen til «Spansk aften» i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juli 2026

Har du lyst til å smake paella og anna spansk mat, spør Francesc og Siri frå «piratskulen» i Holmatrøa.  Dei har mange gong arrangert spansk aften med Tapas på Pakkhuset, og gjentek i år suksessen frå i fjor i  Skulstuå, med spansk tapas og paella  på programmet.

Francesc og Siri har arrangert spansk aften både på Pakkhuset og i Skulstuå tidlegare. Foto Siri

Dei to inviterer altså  igjen til spansk aften i Skulstuå fredag 7. august  i tidsrommet 18:00 – 21:30
Spansklærar Francesc og norsklærar Siri frå «Piratskolen» i Holmatrøa er altså vertskap til spansk aften   og byr på spansk mat og god todalsk piratstemning!
Paella blir laga i ei stor panne med mykje godt oppi – har du lyst til å smake, så meld deg på.  Siri fortel at Francesc lagar paella kvar søndag heime i Spania, og skryter av at han er ein dyktig paellakokk. 
Alkoholfri drikke kan kjøpast i Skulstuå – eiga drikke kan du og ta med deg. 

Meld deg på og bli med – spansk aften arrangerast i Skulstuå fredag 7. august. Foto Siri

Meld deg på:
Vil du være med så meld deg på snarast til: Siri Lund – telefon 476 13 150
Siste frist for påmelding er: Torsdag 6. august kl. 18.00

Publisert: 23. juli 2026, 07:00