Surnadal demensforening og helselag er midt i demensveka og har bydd på både foredrag, innsamlingsaksjon i samarbeid med Surnadalsrussen og rundar av demensveka med gratis kinovisning i samarbeid med Filmklubben. Det skjer fredag (25.9.) ettermiddag med visning av «Still Alice» med start kl 14:00 i kinosalen
Still Alice er ein amerikansk film frå 2015, som handlar om språkprofessoren Alice som innser at ho ikkje lenger beherskar verken språk eller hukommelse som før. Og at det blir stadig verre. «Men denne historia bryt heldigvis ikkje ut i ein følelsesmessig orkan. Alices reaksjonar blir for det meste formidla dempa og truverdig.
Det same kan seiast om familien – dei er råka, men innser at det er lite dei kan gjera, anna enn å støtta kona/mora, skriv NRK, som omtalar dette som ein «skuespelarfilm» – altså med svært sterke tolkingar frå både Julianne Moore i hovudrolla, James Baldwin som ektemannen og Kristen Stewart som den vaksne dottera. Still Alice fekk gode kritikkar da den vart vist på kino her til lands, jamt fordelt mellom 4 og 5 på terningen. Filmen er bygd på romanen «Alltid Alice» (Lisa Genova) og filmlengda er på 1t 40 min


