Sanitetskvinnene skal vere «modige og nytenkende», og da er det nyttig med erfaringsdeling mellom ulike lokalforeininingar. Laurdag 5. september møttest representantar frå lokallaga frå Veiholmen, Hopen og Todalen i Sanitetshuset.
På Smøla er det fire sanitetsforeningar: Smyl (Innsmøla) og Brattvær i tillegg til Hopen og Veiholmen.
Smølakvinnene stilte «mannsterke» – i alt 19 medlemmer deltok på studieturen. Leiar Solveig Glærum ønskte vel møtt og syntest det var stor stas å få langvegsfarande gjester. May-Elisabeth Holten orienterte om historia til Todalen sanitetsforening frå 1916 og fram til i dag; kortfatta og interessant!
Aktuelle tema vart drøfta, spesielt drift av hus, leiligheiter og omsorgsbustader. Hopen har åtte leiligheiter til utleige. Leiligheitene er like store som i Sanitetshuset, men husleiga betydeleg høgare enn i Todalen. Bebuarane har fire timar vaktmeisterteneste i veka; pris 450 kroner. Synnøve Hole Talgø og Ann Ingeborg Halle inviterte gjestene til omvisning i leiligheitene sine.
Lokallaga på Smøla har faste felles styremøte, gir felles gåver til eldre og har felles kulturelle tilbod til eldre. Dei arrangerer strikkekaffe, skulelunsjar, kveldsmat og kvar sommar har dei loppemarked som er ei god inntektstkjelde. Dei gir økonomisk støtte til 10. klassingane som er med på tur til Polen med «Dei kvite bussane».
På Veiholmen er det karane sin tur til å møtast i Sanitetshuset onsdagane; ope hus for skravletreff.
Alle som var med på sanitetstreffet var einige om at dette var eit nyttig og godt tiltak! Kanskje blir det returbesøk frå Todalen til Smøla?
Men det skal ikkje bli reprise på turen 5. juli 1975: «Todalen forsinket til Veidholmen: Seilte etter bilkartet» – overskrift i Tidens Krav om fotballaget som leigde båtskyss frå Valsøyfjorden til Smøla. Jon Lunde skreiv fotballvise: «Til Veidholmen ble kursen satt, med veikart og med draft, men fram vi kom så alt for seint, og kampen den vi taft!»
Denne hendinga har dei framleis friskt i minne på Smøla!
Frå Sanitetshuset gjekk turen til Todalen skule og kunstutstillinga til Sandfamilien og til slutt middag på Todalshytta.

Aune Sand tok i mot sanitetskvinnene frå Smøla. Frå venstre: Oddny Hopshaug, Borgny Lillehaug, Aune Sand og Aud Mary Dalheim. Borgny er ein sprek 93-åring og eldste medlem i Hopen sanitetsforening! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Leiar Solveig Glærum fekk overlevert eit fint bilete som takk. Biletet vil få ein fin plass på veggen i Sanitetshuset. Til venstre Oddrun Lind Johansen frå Hopen sanitetsforening og til høgre leiar Veiholmen sanitetsforening Jenny Marie Nordseth. Foto: Dordi Jorunn Halle.






