Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vegstikker – ei ny årstid er i kjømda

Jon Olav Ørsal Måndag 7. september 2026

At vi får brøytestikker på vegkantane er eit sikkert teikn på at ei ny årstid er like rundt hjørnet.  I første omgang er det nok hausten vi får mest føling med, men det er da heller ikkje så lenge før det blir vinter og bruk for brøytestikker. 

Det var fort gjort å sette ned ei brøytestikke – Jenstad Maskin gjorde jobben på vegne av Veidekke. Foto Jon OLav Ørsal

Som sist var det Jenstad Maskin på Gjøra som sørga for brøytestikker rundt bygda og utover til Todalskrysset.  Bak rattet satt denne gongen Frank Magnar Gravem frå Gjøra, og han kunne fortelje at Jenstad Maskin skulle sørge for brøytestikker på alle fylkesvegane på Indre Nordmøre, samt i Oppdal og Rennebu i Trøndelag.

Bak rattet satt Frank Magnar Gravem som hadde gjort unna alle fylkesvegane i Todalen og var på veg utover Todalsstranda mot Nordvik. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. september 2026, 18:00