Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårpuss på bruene langs fylkesvegane

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mars 2026

Ola Svinsås frå Veidekke var i dag ute på ein runde for ein omgang med vårpuss på bruene på Fylkesvegane rundt bygda.  Utrusta med ein stor vasstank, høgtrøkkspylar og strumagregat fekk dei ein omgang for å fjerne strøsand som har samla seg gjennom fleire sesongar og mose som har grodd fast på brudekket og pårekkverket.

Ola Svinsås frå Veidekke var utrusta med vasstank, strumagregat og høgtrøkkspylar for gje bruene ei skikkeleg vårreingjering. Her er det Raudåbrua som får ein omgang.    Foto Jon Olav Ørsal

Det er tidleg vår langs vegkantane, og sjølv om det var mykje is i veggrøfter og stikkrenner så er det meste smelta bort uten at det har oppstått noko vesentleg problem med falum og overløp. 

Publisert: 30. mars 2026, 11:37