Det har vore ein heilt utruleg responsen på innbetaling av startkontingenten for Ræta Opp og Miniræta – startkontingenten går uavkorta til Spleisen for forskning på den sjeldne muskelsjukdomen til 2 åringen Mikkel Nergård. Den totale summen som som blir overført til til spleisen frå Todalsdagen/Todalen Idrettslag er 44.883.
I tillegg kom det inn 7.800 ekstra på sal av «Team Mikkel»-armbånd som kom på eigen Vippskonto. Totalt bidrag frå Todalsdagen blir altså 52.683 – som blir eit bra hopp framover. Takk til alle som har bidrege med støtte til prosjektet.

Mikkel og familie kom på besøk for å promotere innsamlingsaksjonen som pågår. Frå venstre Mathias (4), Robert, Johan (9), Mikkel (2), Merete, Kaja (8), Ingvild (Ræta Opp) og Endre (Leiar i TIL). Foto Jon Olav Ørsal
Artig var det og at Mikkel kom på besøk på Todalsdagen, saman med resten av familien. Han vart ivrig når det var fotballar på alle frontar – kanskje forskningsarbeidet kan hjelpe Mikkel så han kan ta del i TodalsCup’n om nokre år. Det hadde vore stas!

