Operarødt er nok ei naturleg farge når Ungdomshuset skal få eit nytt målingsstrøk. Den 13. august arrangerer Stangvikfestivalen operakveld i Ungdomshuset i Todalen. I dag var det målardugnad i Ungdomshuset, der 3-4 målarar svinga kost og rull i godt målarvêr.
Ungdomshuset vart bygd av Todalen ungdomslag i året 1900, men kva farge det var på huset dei første åra har vi ikkje klart å finne ut, men i ein lang periode var huset måla i ei gulfarge med blå staffasje. Seinar vart det rødt og kvitt som vart den nye farga, som no blir friska oppatt igjen.

Dugnadskaffe høyrer med – Ragnhild A. Moe serverte nystekte kanelsnurrar til kaffen. Frå venstre Kristian Gjeldnes, John Moe og Magne Søyset. Foto Jon Olav Ørsal
I dag var det altså ein dugnadsgjen som jobba med å gje sørveggen eit nytt strøk med operarødt. Det var ein dugnadsgjeng på 4 som var i fullt albeid da vi stakk innom for å forevige penselsvingarane. Dugnadskaffe vart det og, for Ragnhild A. Moe dukka opp med nystekte kanelsnurrar som vart godt motteke av dugnadsgjengen.



