Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Turtips – Otnesbrygga i Valsøyfjorden

Turtips – Otnesbrygga i Valsøyfjorden

Jon Olav Ørsal Fredag 23. juli 2010

Ein høveleg dagtur med bil  – Otnesbrygga ligg i Otnesbukta i Valsøyfjorden, drygt 70 km kjøring fra Todalen, via Skei og vidare forbi Liabø på Vågland til Otnes. I den idylliske Otnesbukta finn du den gamle Otnesbrygga, der det drives kafeteria om sammaren, samt forskjellige kulturarrangement. Like ved ligg også det nystarta Elstad-museet.

På Otnesbrygga kan du få kjøpt kaffe, frofriskningar og det selges velsmakande bacalao. Kjem du sjøvegen inn til Otnes så er det lagt godt tilrette med ei stor flytebrygge og landgang.

Fortsett du innover til Enge så kan du besøke geitbåtmuseet som ligg i ein gammel industrihall, der det er utstilt eit stort antall geitbåtar og andre gamle robåtar. Like ved ligg den gamle båtverkstaden «Husasnotra», det det er full aktivitet med båtbygging. Geitbåtmiljøet har slått rot her, og det har gjeve 4-5 arbeidsplassar.

Vidare går det veg rundt valsøybotn, og du kan kome att over Valsøybrua og forbi Valsøytunet etter E-39. Har du god tid kan du ta turen etter bomvegen opp til Botnavatnet. Det er skilta frå Valsøybotn.

Neste veke, nærare bestemt onsdag 28. arrangerast Fosskonserten i Valsøybotn. Den trekkjer årleg 2-3000 tilhørarar og i år er det Hellbillis og CC Cowboys som er trekkplastra.

Nedanfor finn du nokre bildeglimt fra Otnesbrygga og vidare innover til Botnavatnet.  Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. juli 2010, 08:00