Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Turtips – Aursjøvegen

Turtips – Aursjøvegen

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. august 2011

Måndag gikk turen frå Todalen med Aursjøvegen som reisemål, via Sunndalsøra og oppover Litjdalen. Etter å ha betalt 70 kr i bompengar i Litjdalen bar det oppover dalen til vi etter ei stund forsvann i skodda. Vi kom ut av skoddeheimen like nedafor Holbudammen, og derfrå var det sol og fint sommarvêr med 17-18 varmegrader. Ved Holbudammen var det vedlikehaldsarbeid i gang på damanlegget og derfrå og ned til kraftstasjonen på Sjølseng går vatnet i tunell.

Vi forsette oppover og innover Torbudalen, og kom til eit skilt med reklame for Torbuvollen, der det er enno er seterdrift med Brubekken Gardsmeieri som vertskap. Der fikk vi servert kaffe og svele med seterrømme, og vi fikk kjøpe ekte setersmør og heimlaga ostar og spekepølse. Kortreist mat med andre ord, men seljaren var langt frå kortreist. Dame Lo var frå Senegal, og var på Torbuvollen for andre sesongen. Han snakka godt norsk, og fortalte at han har budd i Gjemnes litt over eit år, og at han lika seterlivet godt. Vi fekk smakprøvar av produkta og det vart handel.

Neste stopp vart på Aursjøhytta, som ligg ved vestenden av Aursjøen, med dammen som næraste nabo. Der fall vi for freistinga til å kjøpe oss rømmegraut. Det er Kristiansund og Nordmøre Turistforening som eig og driv Aursjøhytta. Det er ikkje så mange fotturistar som finn vegen dit, men desto fleire syklistar og ein del bilturistar. Det er ca 43 km frå Sunndalsøra til Aursjøhytta ved vestenden av Aursjøen

Vi fortsette utover fjellet mot Eikesdal, dit det er ca 30 km. Vi kjørte ikkje så langt før vi igjen dukka ned i skoddehavet, men det gikk godt å kjøre da det var lite trafikk og alle kjørte forsiktig. Snart dukka vi frå skodda igjen og da kunne vi sjå ned i Eikesdalen der vegen kjem ned til Finnset. Vi hadde eit lite håp om å få sjå Mardalsfossen, men den låg gjømt i skoddeheimen. Så vi forsette utover Eikesdalsvegen og kom omsider til Eresfjord og Eidsvåg før vi sette kursen mot Sunndalsøra og vidare heimover etter temmeleg nøyaktig 25 mil og 9,5 timar.

Litt historikk:
Arbeidet med Aura kraftanlegg starta i 1913, men arbeidet stoppa opp med 1. verdskrig i 1914. Under 2. verdskrif starta tyskarane på igjen, men mått gje opp i 1943. I 1947 gjorde Stortinget vedtak om å starte på igjen etter nye planer, og i 1953 vart det første agregatet sett i drift, og i 1956 vart det sjuande og siste agregatet starta. Kraftstasjonen ved Osbu starta i 1958, og produserer i eit normalår 85 GWh, medan Aura kraftverk på Sjølseng har ein årleg produksjon på 1706 GWh i gjennomsnitt. Det er Statkraft som eig heile anleggeet 100%.

Bildegalleri frå turen etter Aursjøvegen.   Alle bilde: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 2. august 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 1. august 2011, 23:09