Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trossa snøbygene med ryddedugnad i Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. april 2026

Tilsaman 15 personar trossa laurdag føremiddag snøbygende og kom på dugnad i Toåa tursti.  Vergudane prøvde seg med 2-3 varmegrader og med snø og slaps, men dugnadsgjengen gikk på med krum hals og fekk unna dugnadsarbeidet i løpet av eit par timar.

Nyskråpa veg i turstien – Ivar Bolme er «vegvoktar» i Toåa tursti. Foto Jon Olav Ørsal

Arbeidsoppdraget var i hovudsak rydding av kvistar og rusk etter vinterstormane som hadde lagt ned vindfall i stort omfang gjennom Gunnøyskogen og i Slottøya.  I tillegg vart sjølve turstien sladda og ordna slik det er klart til å ta i mot stor trafikk når Stikk UT-trimmen startar med sine sommaraktivitetar den 1. mai – Toåa tursti er nemleg eit av turmåla som er med på sommarens Stikk UT-aktivitetar.

Dugnadfolk i turstien – frå venstre Øystein Moe, Jostein Bruset og Magne Søyset. Foto Jon Olav Ørsal

Tidlegare i veka har gapahuken ved Båthølen fått seg ein skikkeleg rundtvask før ny sesong starta på – Jorunn Ørsal og Liv Larsen hadde sørga for at det var reint, og at det faktisk var ein snev av grønsåpelukt i Gapahuken. 

Elinor Bolme serverer bålkaffe frå storkjelen til dugnadsgjengen. Foto Jon Olav Ørsal

Det er faktisk stor trafikk i Toåa tursti – hit kjem trimmarar frå fjern og nær og heile 1756 personar var registrert i StikkUT-appen i 2025 – i år blir det nok enda fleire.  I tillegg kjem TILs turar i Todalen som har heile 2525 turar i Toåa tursti og tilsaman 5569 for alle turmåla i Turar i Todalen

Ragnhild A. Moe og Ingri Bruset ved vegvisaren. Foto Jon Olav Ørsal

Dugnadsgjeng – Ragnhild A. Moe, Gudmund Kvendset, John Moe og Erling Talgø – Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. april 2026, 12:23