Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimen Ultra – store endringar i traseval må gjerast

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. august 2026

Utfordringar med store elvar og restriksjonar for løping i naturreservatet i Svartåmoen, må Trollheimen fjellsportklubb endre traseen for Trollheimen Ultra 100 som arrangerast laurdag 15. august.  Halvor Drøpping som er leiar for arrangementet fortel at arrangøren derfor har gjort eit val om å snu heilse løpet, men fremdeles med start på Bordholmen i Todalen.  Løpet vi no gå opp Øyalia og vidare via Midtryggen og gjennom Bjøråskaret til Renndølsetra/Innerdalen. 

Derifrå går løypa videre opp til Langvatnet og innover mot Storlidalen og Bårdsgarden og til Vassenden ved Gjevilvatnet, med ein liten rundtur der og ned til checkpunkt Bårdshaugen der det er matstasjon og muligheter for kle/sko-bytte.  Her er siste frist for passering kl 18:00 for å få lov til å fortsette løpet.  Frå Bårdsgarden går løypa utover til Tovatna og vidare ned gjennom Gammelseterdalen til Kårvatn, der det er matstasjon og utstyrsupplering.

Start og målgan på Bordholmen – skjermdump frå TFS

Frå Kårvatn går løypa vidare etter Dalavegen nedover til  Vestrum og opp til Tjønnmyran og vidare utover lysløypatraseen og etter skogsvegen ned til Bjøråbrua, der løypa Svingar opp Bjørålia etter skogsvegen og opp til Storhaugen, før den fortsett ned til Bruset-krysset.  Herifrå går løypa oppover til Hengebrua ved Heggøyan før den fortsett etter vegen frå Halanesset og forbi Ramsøya.  VedBrusetbrua fortsett løypa nedover etter fylkesvegen til Bønnavollan, der løypa svingar inn på Toåa tursti og følger turstien nedover til målgang på Bordholmen.

Her går løypa over Hengebrua i Brusetmarka. – Vidare er det straake vegen til Bordholmen og målgang. Foto Jon Olav Ørsal

Den nye løypetraseen har omtren lik lengde og måler 100 km med innlagt ca 3700 høgdemeter.  Arrangøren rekna med at den nye traseen vil ta omtrent like lang tid, og reknar med at dei første løparane vil kome til målgang på Bordholmen rundt kl 18.

Vi kjem med meir info etter kvart, og det vil bli resultatservice med mellomtider utover laurdagen – vi vil legge ut linkar slik at det går an å følge med løparane på sin ferd gjennom Trollheimen. 

Ved Bruset er det u-sving og løypa går eetter Markavegen oppover til Hengebrua. Foto Jon Olav Ørsal

Fredag kveld er det utlevering av startnummer mellom kl 17 og 19 og etterpå er det infomøte med løparane kl 19:00 – det skjer i Todalen ungdomshus.  

 

Publisert: 13. august 2026, 10:23