Laurdag står Trollheimen Fjellsportklubb som arrangør av Trollheimen Ultra 100 – eit ultraløp som har start på Bordholmen i Todalen, og som går over til Innerdal, Storlidalen, Gammelseterdalen og attende til Todalen med målgang på bordholmen. Fredag kveld var det utdeling av startnummer, og eit orienteringsmøte som samla dei fleste av de 60 løparane son er påmeldet.
Det var Nils Ove Bruset som ønska velkomen til infomøte, og som tok ein gjennomgang om om løpet som er på 100 km og som har innlagt 3700 høgdemeter. Som sagt er det 60 påmeldte og det er første gong at Trollheimen Ultra 100 blir arrangert. På grunn av mykje regnvêr og store elvar vart løypa omlagt i siste liten men no ser alt ut til å fungere bra.
Nils Ove tok eon gjennomgang av praktiske detaljar med løpe, slik som obligatorisk utstyr som løparane må ha med. I tillegg var det info om opplegget med bagddrop og at det blir «cutoff» for løparar som kjem til Bårdsgarden etter kl 18:00.

Nils Ove tok ein gjennomgang av utstyret som løparane må ha med seg frå start til mål. Foto Jon Olav Ørsal
Nils Ove tok og ein grundig gjennomgang av løypekartet og forklarte opplegget med mat/drikkestasjonar og om opplegget på Bordholmen ved målgang, der det er høve til dusjing og open kiosk. Starten på Trollheimen Ultra 100 går kl 06:00 laurdag morgon, så det er for morgonfuglar.



