Ultra-løpet er godt i løpa og ein god del av løparane har passert sjekkpunkt Bårdsgarden, der det er registrert den 2. av 3 mellomtider. Her var det Vemund Øvstehage som låg best an med tida 5:13:45, medan Lorents Ola Aasvold hadde nest beste tid. PÅ tredjeplass er Espen Avset med tida 5:48:00. I dameklassen Har Gina Flugstad Øistuen beste tid, med Lisabet Sæterbø på andreplass med 6:44:30. Steinar J. Aarvåg og Halvor Drøpping kom hakk i hel på 4. -og 5. plass.
Estimert målgang for dei kjappaste løparane er i 18-tida i ettermiddag dersom dei klarar å halde koken attende til Todalen og målgang på Bordholmen. Frå Bårdsgarden går turen utover til Tovatna og Gammelseterdalen til Kårvatn der neste mellomtid blir registrert. Så er det vidare nedover bygda og målgang på Bordholmen. Dei fleste løparane er no lokalisert i området frå Tovatna og innover mot Bårdsgarden/Storlidalen – dei raskaste har no starta på «heimturen».



