Presis klokka 6:00 gikk startskotet, og dermed var historias første Trollheimen Ultra 100 i gang og dei 60 løparane sette kursen inn mot Trollheimen. Løparane sette kursen ut på Bordholmvegen og oppover bygda til Undgdomshuset og vidare oppover Øyalia med kurs for Bjøråskaret og Innerdalen til først sjekkpunkt.
Litt regn såg ikkje ut til å dempe entusiasmen og iveren etter å kome i gang og, eit blikk på yr.no lovar litt betring utover dagen, men litt regn kan det nok bli innimellom. Best er nok vêrmeldinga for området rundt Storlidalen. Minst 12 timar må vi nok rekne med før dei første kan ventes til målgang på Bordholmen etter at 100 km og 3700 høgdemeter er gjort unna.

Storlidalen og Bårdsgarden neste – Mette, Ingvild og Marit Ingeborg skal ta i mot løparane når dei kjem til Bårdsgarden. Foto Jon Olav Ørsal
Vi reknar med å følge med på passeringar og mellomtider etter kvart som løparane passerer knutepunkta som skal forsyne oss med mellomtider.

Nils Ove Bruset heisar flagget på Bordholmen – han blir speaker under målgangen seinare i dag. Foto Jon Olav Ørsal
Følg løparane på kartet
Går du inn på linken for resultatservicen så kan du følge løparane på kartet – her får du også mellomtider ved passering av tre sjekkpunkter samt målgang.



