11Det er Trollheimen fjellsportklubb som er arrangør når startskotet går kl 6:00 komande laurdag. Da legg 65 løparar ut på ein rundtur i Trollheimen som måler 100 kilometer, eller om du heller vil på 10 mil. Det er start på Bordholmen og så går løypa via Toåa tursti og etter vegen oppover til Kårvatn før løparane stikk til fjells.Til saman har løypa 3700 høgdemeter og er utruleg krevjande.

Her ser du kart over området med løypa merka inn – under kartet ligg høgdeprofilen med totalt 3700 høgdemeter. Kart frå arrangøren.
Løypa går vidare opp Dalalia og innover Naustådalen i retning Folddalen der første checkpoint er ikkje så langt frå Trollheimshytta før den dreier vidare over Mellomfjell og vidare til Bårdsgarden i Storlidalen der det er Cut-off kl 18:00. Altså siste frist for passering kl. 18:00 etter 12 timar. Da blir det lett seinkveld før du er komen til Bordholmen.
Det blir god resultatservice for løpet, for arrangøren vil legge ut eit kart med GPS-id på løparane, slik at vi kan sjå kven som er i tet og kor langt dei er komne. I tillegg blir det resultat via EQ-timing med eit par mellomtider og resultatliste. Det totale talet på løparar er 65, og løpet er alt fullteikna.
Halvor Drøpping reknar med at dei første løparane går i mål på Bordholmen i 18-tida. – Elles vil nok de første passere Bårdsgarden i 13-tida og kanskje Innerdalen/Rendølsetra kl 16 eller deromkring?
Fredag kveld er det utlevering av startnummer i Ungdomshuset mellom 17 og 19 og etterpå er det løparmøte i Ungdomshuset kl 19. Den som vil være med på starten på Bordholmen må starte ut tidleg laurdag morgon, for som sagt går startskotet kl 06:00 og det må ein kunne seia er «frå morr’an av».

