Første laurdagen i oktober inviterte Sanitetsforeninga til strikkekaffe. Det vart ei triveleg ettermiddagsstund i Sanitetshuset.
Britt Mossing og Jorunn Husby var vertinner, og dei serverte kjøle gode kaker og kaffe.
Det var god plass rundt borda i dag, kanskje veret freista til uteaktivitet? Dagen starta nemleg med retteleg godver med sol og fønvind, men veret skifta brått til regnelingar og vindkast.
Ny strikkkekaffe om tre veker – 24. oktober.



