Tysdag kveld var det lysmesse i Todalen kyrkje, der prostikateket Odd Erik Stendahl var liturg, men som hadde god hjelp av konfirmantane til gjennomføre gudstenesta. Det var konfirmantar både frå Todalen, Stangvik og Surnadal som deltok med lystenning, tekstlesing og song.
Det er faktisk ein lang tradisjon at konfirmantane deltek i lysmessa her på «indre», og vi må seie at det er dyktige ungdommar som veks oppiatt. Dagens preken var basert på Joh 14, 1-4 som omtalar lyset som eit symbol på livet. Dagens takkoffer går til konfirmantarbeidet i Todalen sokn – og vil du være med å bidra så kan du framleis gjere det på vippsnr 506908
Elles var det påminning om julegudstenesta som i år blir på julaftan kl 15. Soknerådet minner og om juletrefesta i Todalen ungdomshus på 5. juledag (29.12.) kl 15. Konfirmantane imponert med med flott korsong som utgangssalme, der dei framførte «Lord I lift your nameon high», som dei hadde øvd inn da dei var på konfirmantleir.





