Det var nærast folk på alle benkar under konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje laurdag. Det er i år 4 konfirmantar som høyrer soknet til – Tvillingane Lisa og Jakob Ranes, Fredrik Sogge og Nathalie Astrid Brusethaug. Prost Vidar W. Rygh som var liturg, medan Amund Valde var organist under dagens gudsteneste.

Prosten og konfirmantane – frå venstre Fredrik Sogge, Jakob Ranes, prost Vidar W. Rygh, Nathalie Astrid Brusethaug og Lisa Ranes – foto Jon Olav Ørsal
Konfirmantane fekk mykje ros frå prosten – det har vore ein stor fryd å bli kjent med dere, og no er stunda komen som vi har jobba mot, og det er ei høgtid som vi gler oss til saman med dykk, sa prosten i sin tale til konfirmantane. Prosten hadde ei god preken, der han tok utganpunkt i at vi kan ikkje bekymre oss for alt, for alt det vi bekymrer oss for det skjer ikkje, og vi treng ikkje bekymre oss for morgondagen.
Elles var det bøn for kvar enkelt konfirmant, og Silje Beate G. Holten sørga for flott solosong med «Har du fyr» som har laga tekst på surndalsdialekt til. Takkofferet under dagens gudsteneste går til kyrkjelydsarbeidet i Todalen sokn. Vil du være med og gje ein slant, så kan du bruke Vipps: #506908.
Under dagens gudsteneste var det Borghild Talgø som var tekstlesar, medan Tor Rune Halset var kyrkjetenar og Rune Moe, Einar Husby og Anita Talgø var kyrkjevertar. Dersom du vil sjå konfirmasjonsgudstenesta kan du gå inn på Kirken i Surnadal – YouTube.





