Ved midnatt onsdag 30. september blir det sett sluttstrek for Trimpoengåret 2025/26, og Trimpoengåret 2026/27 tek over stafettpinnen frå torsdag 1. oktober. Men det er framleis mogleg å sanke poeng i årets konkurranse.
Dei 86 deltakarane i årets konkurranse har så langt sjekka inn 6 049 gonger.
Dei tre med flest innejekk så langt har 606, 478 og 414 innsjekk, så da blir det spanande å sjå om det skjer endringar før ved midnatt den 30. september?
Dei ti turmåla med flest innsjekk er akkurat no:
- Toåa tursti – 2092 innsjekk
- Løfta Kvennset – 695 innsjekk
- Tjønnmyran – 645 innsjekk
- Svinvikrunden – 615 innsjekk
- Rundtur i Øyalia – 469 innsjekk
- Råa til Trøa – 247 innsjekk
- Gammelsetra i Kvennsetdalen – 182 innsjekk
- Appelsintreet – 169 innsjekk
- Skihytta på Sørfjellet – 106 innsjekk
- Fauskhjellen – 85 innfjekk
Da er det berre å fortsette å sanke trimpoeng enda ei stor veke. Om ein ønsker å laste ned Trimpoengappen lastar ein ned i App Store eller Google Play.
Trimpoengåret 2026/27 vil ha dei same turmåla som årets konkurranse kan leiar i Todalen Idrettslag, Endre Talgø opplyse.
Premieutdeling til årets vinnarar vil foregå litt seinare i haust, og vil bli annonsert her på Todalen.no i god tid.
Vi kjem også med ei lita påminning om det nye Trimpoengåret når dette nærmar seg!

