Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trimmarane trossa vêrgudane og kom på Romjulsmarsj

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. desember 2025

Sjølv om vêrgudane gjorde kva dei kunne for å øydelegge dagens romjulsmarsj så stilte juletrimmarane opp når TILs trimgruppe arrangerte.  Gjengen i trimgruppa var i tvil om det kom nokon i det heiletatt – men der tok dei feil!

På Bruset var det servering av gløgg – og litt loddsal. Foto Jon Olav Ørsal

111 deltakarar vart registrert som deltakarar mellom sludd- og snøbygane da TILs trimgruppe stod som tradisjonell arrangør av Romjulsmarsjen i Todalen.  Romjulsmarsjen går rundt bygda som er ei strekning på 6 kilometer.  I tillegg vart det registrert 11 hundar og ein het, som også sette pris på ein luftetur no i juletida. I fjor var det faktisk over 170 som deltok på romjulsmarsjen, men da var det fint vêr og føre, som var godt egna til utfart.  – Men trimmarane trossa vêret om kom for å bli med om det var litt ruskevêr – og det er da kanskje «dørstokkmila» som er verst, og så er det lurt å kle seg godt da – når vêret er slik som i dag.

På Naustvollen er dei samla 3 generasjonar i jula – i dag var alle med på trim – Even og Johan Fredrik jr ligg i vogn og tek ein lur på rundturen rundt bygda. Foto Jon Olav Ørsal

Arrangørar – TILs trimgruppe – frå venstre: Sissel Halset Storslett, Torill Talgø, Lars Kvendset og Anita Talgø. Alle som deltok fikk ein gratis turkopp – valfritt i fire farger gul, rød, orange eller blå.   Foto Jon Olav Ørsal

Trekning i Romjulslotteriet er klar.  Tilsammen var det 8 gevinstar som vart trekt ut slik:

  1. Førstehjelpsveske/Turhandkle        – vunnet av  Karen Johanne Talgø
  2. Håndsåpe                                             – vunnet av Kristian Gjeldnes
  3. Termokopp/Handlenett                   – vunnet av  Ola Haugen Ansnes
  4. Sjokolade/Isskrape/handlenett      – vunnet av Sigrid Elise Talgø
  5. Fat/Handlenett/isskrape                 – vunnet av Bibbi på Naustvollen
  6. Handsåpe                                            – vunnet av Ola Haugen Ansnes
  7. Drops                                                   – vunnet av Kristian Gjeldnes 
  8. Forundringspakke                            – vunnet av Nordli 

Og det var slett ikkje berre bygdefolk som deltok på dagens romjulsmarsj – kanskje var det like mange tilreisande som kom for å få litt frisk luft og kanskje var det høve til å treffe kjentfolk. Vi tok runden rundt bygda for å sjå og treffe deltakarane – nokre av dei vart og med på bilete og tek du deg tid til å sjå på bildegalleriet nedafor så treffer du kanskje kjentfolk? 

Publisert: 27. desember 2025, 17:21