Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trefte hoggormen på inner Raudåhjellen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. juni 2026

Edmund og Jenny Talseth skvatt nok litt da dei var på tur i Øyalia måndag.  Det har alltid vore sagt at det ikkje finnes orm utafor Raudåa, men det kan nok motbevisast med bildet som Edmund har sendt oss.  Ormen låg midt i vegen, og såg ut som ein rett pinne. Men plutseleg var det liv i «pinnen» og både Edmund og hunden skvatt til.

Ståle Ansnes blir ikkje så overraska over dette, for han kan berette at det har vore sett orm tidlegare.  Det var for mange år sia, og ved nedre Gammelsetra.  Ståle fortel at det har vore sagt at det ikkje finnes hoggorm på todalslegmålet utafor Raudåa.  Er det fleire som har gjort observasjonar av hoggorm utafor Raudåa så vil vi gjerne høyre om det – send oss gjerne ein epost!

Bilde som John Moe har teke i Krokå – litt innafor Haukåbrua for ei tid tilbake. Foto John Moe

Vi har fått fleire tilbakemeldingar om orm i Øyalia – mellom anna frå Ragnhild A. Moe – ho har lagt ved eit bilde av orm ved Haukåbrua (Foto John Moe).  Så vi ha konkludert med at pastand om at det er ormfritt i Øyalia er betydeleg overdrive.  Men det er kanskje ikkje nokon stor bestand?  

Først publisert: 10. juni 2026, 15:00 - Sist oppdatert: 11. juni 2026, 10:10