Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trefall og stengt veg mellom Nordvik og Svinvika – no er vegen opna

Jon Olav Ørsal Fredag 21. november 2025

Ei stor furu har gårr overende og stenger vegen mellom Nordvik og Bleikhammaren før Svinvika.  Det danner seg no køar på begge sider medan ein venter på entreprenør som kan fjerne treet. Entreprenør er varslet og på veg for å rydde vegbannen.

På bildet vi har fått ser det ut som det er på rettstrekninga mellom Nordvik og Svinvika at eit stort tre har gått overende og stenger vegen inntil vidare.  

Mykje snø i trea – kan være fare for fleire trefall 

Her er området ved indre Drivå – mange snøtunge trær som lett kan brytes ned. Foto Jon Olav Ørsal

En rask inspeksjonsrunde avslørte at det kan være fleire tre som er veldig snøtunge og potensielle kandidatar til å brytes ned på grunn av mykje og tung snø som ligg i trea.  Vi anbefaler å være litt forsiktige, for her kan det nok kome meir ned på vegbanen.  

Vegen er opna
Vegen på Nordvik er rydda og opna for trafikk igjen – det skjedde i 16-tida fredag ettermiddag.  

Publisert: 21. november 2025, 15:24