Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tredjeslåtten er igang – bra avling

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. august 2026

Håvard Halset og fleire med han er i gang med 3. slåtten, og rapporterer om bra avling når ein tek i betraktning vêret som har vore den siste månaden.  Rett nok så veks graset sjølv om det er mmykje nedbør, men da blir det kortvokst og tjukkt – og strekkjer ikkje på lengda, seier Håvard.

Håvard fortel at han ligg bra an, og vil nytte dei dagane som ligg an til å få opphald og gode temperaturar slik at han får laga mest muleg siloballer før vêrgudane fyller på med meir nedbør.  Håvard antydar at det kan bli ein 4. slått på noko av arealet han disponerer. 

På Kvennset – i Viastua er slåtten unnahjort og mange ballar ligg klare for henting. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 26. august 2026, 18:25 - Sist oppdatert: 27. august 2026, 15:44