I helga vart det andre av i alt fire løp i Østlandscup køyrt på Re ved Tønsberg. Ola Vikan (13), som representerer Surnadal Motosportklubb i klassen MX 85 13 – 15 år, køyrde inn til ein 3. plass sammenlagt under særs krevjande baneforhold, og etter ein arrangørtabbe med feil flagging, som gjorde at første heat vart nulla ut.
Ola vann første heat, men arrangøren hadde flagga feil under heatet, og heatet vart difor nulla ut og ikkje teljande.
I det andre hatet vart Ola nummer tre, etter velt og brilleskift. Som vi ser på bilda, så var det det gjørmete og særs krevjande baneforhold under Østlandscupen på Re. Etter løpet på Re ligg Ola framleis på førsteplass samanlagt i Østlandscup.

Som vi ser, så var det skikkeleg blaut bane og krevjande køyreforhold under Østlandscup i helga. Foto: Privat
No ber det heim til Nordvik for å reparere ein havarert motor, ovarhale motorsykkelen og vaske både sykkel og kar. Laurdag 21. juni går turen til Lunner ved Gjøvik, og det andre av tre løp i årets Norgesmeisterskap. Her ligg Ola på 2. plass i samandraget etter første løp.




