Klokka 10:00 er det start for det tradisjonelle biltoget frå Matkroken Todalen oppover på nordsida og opp til «Gammelfabrikken», der toget snur og køyrer nedover att på sørsida og ned til ungdomshuset.
Klokka 11:00 inviterer Todalen Idrettslag alle til «nasjonalsdagsfrokost» i Todalen ungdomshus. Her blir det servert frokostbuffet med mykje god og variert mat. Etter frokosten blir det program for både små og store, som blir avslutta med kaffe og kaker! Fokosten, som inkluderer kaffe og kaker, kostar i år kroner 150,- for vaksne, medan det er gratis for alle fødd i 2011 eller seinare. Betaler kan ein gjere med Vipps eller kontantar.
Klokka 14:00 inviterer Todalen Sokneråd til nasjonaldagsgudsteneste i Todalen kyrkje.
Arrangørane ønsker alle velkommen til nasjonaldagsfeiring i Todalen!


