Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tradisjonell julekonsert med eit forsterka P17-kor

Jon Olav Ørsal Sundag 30. november 2025

For deler av koret var det faktisk jubileumskonsert med juletonar – det er faktisk 50 år sia dei eldste i koret starta i Åsskard kyrkjekor.  Fortsettelsen på Åsskard kyrkjekor vart til Prosjekt 17-koret da Bernt egentleg vart pensjonist og starta på med nytt prosjekt 17-kor i 2017.  I dag var P17-koret forsterka med eit eige orkester for høvet, og det var mesta rørande å høyre korsongen som vart forsterka med strykarar og blåsarar. 

Eit internasjonalt kor som stilte i kyrkja i dag – dei har opphav frå mange land, men alle bur i Noreg. Foto Jon Olav Ørsal

Bernt Bøe, som i dag var musikalsk leiar for konserten hadde sett saman eit variert prodram som starta med Julemotett av Eyvind Alnes, med kor og orkester med allsong.  Vidare vart det litt av kvart, og det veksla med korsong, orkester og allsong.  Mellom anna «Fager er den himmel blå»  der publikum deltok med allsong.  Tre av kormedlamene var solistar – Nora Bøe (sopran), Turid Røen Kroknes (alt) og Øystein Moe (tenor).

Turid Røen Kroknes var ein av solistane under dagens konsert – i tillegg var Øystein Moe og Nora Bøe solistar. Foto Jon Olav Ørsal

Orkestereret var internasjonalt – Fløyte: Jasmina Zivic,  Obo: Ebba Ringmar, Fiolin: Synnove Hammervold, Trond H. Saltnes og Odd Sonntag. Bratsj: Anna Ostachowska og Cello: Zhala Aligeva Einarsen.  Som sagt var Bernt Bøe ein sjølvskreven musikalsk leiar for heile konserten.  

Det kom mange for å høyra den tradisjonsrike julekonserten til P17-koret. Foto Jon Olav Ørsal

Siste del av konserten var Arne Dagsvik kantate «I den søte juletid» – someigentleg er eit budskap om fred, og er eit musikalisert juleevangelie.  I tillegg fikk vi høre Juleverset som er ein folketone frå Stangvik og arrangert av Edvard Bræin, framført av kor og orkester.  Heilt til slutt var som vanleg «Deilig  er jorden – dei to første versa med koret og siste vers med allsong.

P17-koret saman med orkester i Todalen kyrkje i dag. Dirigent/musikalsk leiar var Bernt Bøe

 

Publisert: 30. november 2025, 18:51