Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tradisjonell feiring med tradisjonelt biltog

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2026

Presis kl 10 starta biltoget frå Matkroken Todalen på nasjonaldagen.  Tradisjonelt har det vore traktor i teten  men i år var det ex handelmann Nordvik som var først i biltoget. Han var rett nok i før gul ledartrøye og er nok snart den einaste som har delteke i alle biltog sia starten på 50-talet ein gong.

Hafallmelan med Brusetnesset i bakgrunnen – tett trafikk, med ex handeolsmann i teten. Foto Jon Olav Ørsal

I år vart det rekna knappe 60 kjørty som deltok i biltoget, og det er nok eit tal på det jamne for eit «normalår».  Som sagt var det start frå Matkroken på Kvennset og kjøreruta gjekk oppover til Brusetbrua og vidare oppoveer på sørsida til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Her vart det eit kvarters pause og tid for å treffe gamle kjente og kanskje naboar før turen gjekk vidare nedover bygda og til Todalen Ungdomshus for vidare feiring med felles frukost.  

Er du europamester på HiFi så står det ikkje på utstyret – Jan Nordvik Bruset hadde nok det heftigaste utstyret i dette følget. Foto Jon Olav Ørsal

Nedafor har vi lagt ut nokre bilder frå dagens biltog i Todalen  – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2026, 12:34