Søndag 1. februar kl 15:00 inviterer Todalen historielag til tradisjonell ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Denne dagen er det meierihistorie som står på agendaen, og Einar Oterholm kjem for å halde foredrag om dei to gamle meieria som har ei rik historie.

Søndag blir det meierihistorie som blir tema når historielaget arrangerer «ettermiddagskaffe». Arkivfoto Jon Olav Ørsal
Einar Oterholm har jobba mykje med maierihistoria både i Halsa, Rindal og på Nordvik. No jobbar han med med historia til meieri i Todalen, og har endevendt alle protokollar og anna historisk materiale som finnes etter meieridrifta i Todalen.
Det blir to avdelingar – ei om det gamle meieriet som stod nedafor vegen ved Øyabrua og ei om det nye meieriet som i dag er meir kjent som Tovbu eller Dakota. Mellom dei to avdelingane blir det kaffepause, der det blir traktering med kaffe og nystekte bakels. Alle er velkomne til «Ettermiddagskaffe», og merk tida for starten som er kl 15:00.

