Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Topp 10 i Berechtesgaden i Tyskland

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. februar 2026

Ungdomslandslaget viser gode takter i Berchtesgaden i Tyskland, der dei i dag har delteke i Youth World Cup i vertikal.  Forma ser ut til å være inne til rett tid, for neste veke skal dei konkurrere på heimebane i Sæterlia og Strengentraseen.

Topp 10 i Berechtesgaden Ungdomslandslaget viser gode takter i Berchtesgaden i Tyskland, der dei i dag har delteke i Youth World Cup. Foto Halvor Drøpping

I dag var det Iver Holen som trekte det langste strået, og hamna på 4. plass – 7 fattige sekund etter bronseplassen. Med Aron Rodal Haugen på 6.-plass og Isak Drøpping på 10-plass må ein seie seg nøgd med at alle norske er innafor «topp ti». 

Klar for dagens vertikal – søndag er det individuell som står på plana. Foto Halvor D.

Dei er alle tre første års eldre junior, og dermed yngst i klassen denne sesongen – torsdagens sprint sitt nok enno i lårmusklane hos Aron og Isak.  Søndag er det konkurranse i individuell i Berchtesgaden før dei setter kursen heimover for å konkurrere i Seterlia komande torsdag. 

Komplett resultatliste for laurdagens renn Mads Gjethammer vart nr 33 av rundt 40 i klasse U20.

Trollheimen Fjellsportklubb er medlem i Todalen.no 

Først publisert: 7. februar 2026, 14:29 - Sist oppdatert: 8. februar 2026, 07:51