Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tonje Kristin Vikan held fram som leiar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. mars 2026

Tysdag kveld hadde styret i Idrettslaget Søya kalla inn til årsmøte i klubbhuset sitt ved Søyabanen. Ti medlemmer møtte fram for å vere med på behandlinga av årsmøtesakene. 

Leiar Tonje Kristin Vikan ønskte velkommen og tok årsmøtet gjennom dei formelle sakene som godkjenning av innkalling, sakliste og forretningsorden. Ho vart sjølv valt til møteleiar, medan styret sin sekretær, Martin Hunnes vart valt til referent.

Årsmeldinga frå hovedstyret og gruppene vart alle samrøystes vedtekne. Meldingane viser eit år på det jamne aktivitetsmessig, der Søyacupen er det klart største enkeltarrangementet. 

Rekneskapen for 2025 viste eit overskot på godt over tre hundre tusen og Søya hadde ved årsskiftet samla bankinnskot og verdiar for godt over to millionar. Så ein kan trygt konkludere med at idrettslaget har ein sunn og berekraftig økonomi. 

Rekneskapen, budsjettet med nokre små endringar og kontingenten for 2027 vart samrøystes vedtekne. 

Tore fekk velfortent blomster av Tonje Kristin, for tolv år som kasserar. Foto: B G Ansnes

Tonje Kristin tok på att, medan Tore Gjul gav seg

Helge Rodal frå valnemnda presenterte nemnda sitt arbeid. Det var mange som hadde sagt frå seg verv, så valnemnda hadde hatt mykje arbeid med å fylle alle verva, men med unntak av leiar i hovedstyret hadde dei klart å få folk til alle verv. Mellom anna sluttar kasserar Tore Gjul etter tolv år. Han vart erstatta av Ivar Gustad, medan Helge sjølv gjekk inn i Fotballgruppa, der Solveig Kvande vart valt som ny leiar for gruppa.

Etter ein liten tenkepause, tok Tonje Kristin, til stor applaus frå årsmøtet, på att som leiar for det komande året. I det nye styret får ho med seg Karin Åsbø (nestleiar), Ivar Gustad (kasserar), Martin Hunnes (sekretær) og Svein Inge Kvande (styremedlem).  

Martin Hunnes, Karin Åsbø, Tonje Kristin Vikan, Ivar Gustad, Svein Inge Kvande, Lena Johnsen og Solveig Kvande. Foto: B G Ansnes

 

Publisert: 4. mars 2026, 11:00