Måndag er det klart for sesongopning på Todalshytta, der sesongen er koordinert med sesongen i Toåa. Vi har bra med førehandsbooking i heile sommar, men det er nok laksefiskarane som dominerer den første tida etter opninga opninga. Sesongen på Todalshytta går frå 1. juni til og med 31. august, og vi har budd oss på at det blir ein travel sesong.
Urolige tider ute i den store verda vil nok påvirke folks ferievanar, så vi reknar med bra trykk utover sommaren – både fjellfolk, laksefiskarar og andre tilreisane som vi l legge sommarferien til Noreg, seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta saman med kona Crispy. – Vi får forresten ein flying start på sesongen alt i neste veke, da det er booket fleire bussturar og grupper som kjm for å få mat, fortel Cristy og Arve.

Blir det skikkeleg sommarvêr så er det to store terrasser på Todalshytta – her er det berre å gle seg! Foto Jon Olav Ørsal
Dei norske gjestane vil nok bli i fleirtal, men vi ser alt no at det vil bli mange utanlandske gjestar – først og fremst frå USA, Canada, Irland, England og Finland. Mange kjem nok for å prøve laksen i Toåa, men mange søker også til andre feriemål på Nordmøre.
På Todalshytta byr kjøkkenet på heilt ny heildagsmeny i år, og her vil det bli open restaurant frå kl 13:00 til kl 20:00 – i tillegg vil det i sommar bli arrangert asiatisk buffe eit par gong i månaden. Todalshyttas kjøkken har fått mykje rosande omtale om sin asiatiske buffe som har vorte populær. – Vi håper at vi blir velsigna med litt flott sommarvêr, slik at vi kan nyte sommarkveldane ute på dei to store terrassane terrassane våre.



