Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen 2026 vart ein suksess

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. juni 2026

Laurdag arrangerte Todalen Idrettslag den tretti fjerde utgåva av Todalsdagen, som såg dagens lys i 1993. 33 fotballag i aldersgruppa j/G 6 til J/G 10 spela fotball på fire banar frå klokka 09:30 til 14:45, og alle såg ut til å storkose seg i det fine vêret. Alle spelarane fekk ein turkopp som premie og synleg bevis på at dei hadde vore med på TodalsCupen. I tillegg fekk alle 6 og 7 åringane pokal. 

Viktig inntektskjelde

Todalsdagen har i alle år, som Todalshelga var det (1968 – 1992), vore den viktigaste enkeltinntektskjelda for idrettslaget i alle år, og er såleis eit viktig arrangement for idrettslaget med tanke på inntekter.  

Bra med folk. Foto: B G Ansnes

Årets utgåve av Todalsdagen samla mykje folk, og det var fullt trøkk både i kiosken og ved grillane. Trøkk var det også for å få kjøpt lodd i sommarlotteriet, der det totalt vart selt 1209 lodd. 

Trekkingslista for sommarlotteriet:
 
Premie
Giver
Loddnummer
Navn
Gavekort
ALTI
957
Nora Mellum
Forundringspakke fra Ellie og Timba
ALTI
294
Reidar Magnar Aasen
Gavekort 2 mnd. medl.
ATLETA
1025
Ellen Magny Lien Botn
Gavekort 2 mnd. medl.
ATLETA
219
Torgeir Kvendset
2 brett egg
Pestua Gard
429
Fredrik Sogge
2 brett egg
Pestua Gard
448
Jon Olav Ørsal
Gavekort,
bespisning for 2
Svinvik Gard
956
Kari Nerbu
Premiepose m. kopp/badebillet og buff
Svorka
651
Ingri Bruset
Premiepose m. kopp/badebillet og buff
Svorka
382
Anders Halset
Termokopp
Sætra drift
851
Merethe Haugen
Vannflaske i rustfritt stål
Sætra drift
481
Jon Bruset
Fotballer
Talgø
415
Terje Nordvik
Gavekort
Todalshytta
228
Kristin Kårvatn
Landslagsdrakt herre
Todalen IL
660
Gudmund Kårvatn
Landslagsdrakt barn
Todalen IL
868
Ingeborg Nes
Totalt selde lodd
1209

 

F.v. Jostein Fiske, Eyobiel Abraha, Ralfs Balandins, Trond Alan Moeykens, Tobias Talgø, Olav Aune og Anders Dalsegg Bruset. Foto: Ola Dalsegg

Unge dommarar

I tillegg til dommarar frå Todalen, så stilte Surnadal G 14 med 7 dommarar. Det var Jostein Fiske, Eyobiel Abraha, Ralfs Balandins, Trond Alan Moeykens, Tobias Talgø, Olav Aune og Anders Dalsegg Bruset. Det var sporty gjort, og god erfaring, og ei god erfaring å ta med seg for dei unge karane som alle tok dommarkurs i fjor. 

Leiar i Todalen IL i samtale med speaker under Todalsdagen, Nils Ove Bruset. Foto: B G Ansnes

 
– Stor takk og applaus til alle frivillige som bidreg på sitt vis for å realisere Todalsdagen. Og for ein dag! Blir stolt av å vere todaling når ein er omkrinsa av slike folk. Det skal og poengterast at dagen blir prega av våre gjester utabøgdesfrå. Prektig at så mange tek turen innom Kammen og fyller Bordholmen med ei perfekt blanding av samhald, konkurranse og giverglede til ei veldedig sak, oppsummerer ein godt nøgd leiar i Todalen Idrettslag, Endre Talgø, dagen. 

I fotogalleriet nedanfor kan ein sjå lagbilde av kvart lag som var med i TodalsCupen 2026.  


Publisert: 27. juni 2026, 17:49