Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta byr på årets første Asia-buffe og ny kokk

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2026

George er det nye kokken på Todalshytta. George kjem frå India, men han har budd lenge i Noreg, og er meir enn gjennomsnittet interessert i norske rettat – og lovprisar dei norske råvarene som verdas beste.  Komande laurdag deg George og Cristy igang med årets første Asia-buffe, og her lønner det seg å være frampå og bestille bord, seier George og Cristy.  Kjøkkenet er ope for servering frå kl 17:00 til kl 20:00.

Cristy og George rår grunnen på kjøkkenet – laurdag blir det årets første Asia-buffe på Todalshytta. Foto Jon Olav Ørsal

Asiabuffen har eit stor utval i asiatiske rettar – både sterke og smakfull og andre med meir normal styrk – og buffe’n toppes med Tikka Masala for den som likar den – kort og godt litt for ein kvar smak.  Som sagt lønner det seg å bestille bord, og det gjer du med SMS/telefon til 929 97 550 – og da er det «først til mølla» som gjeld.  

Ein kjapp forrett – nystekt brød med topping med oliven og sennep-blanding. Foto Jon Olav Ørsal

George er som sagt frå India, men han har gjort karriere fleire på fleire kjøkken i Noreg – mellom anna Lakselv Hotell i fleire år og 15 år på SAS-hotellet i Reykjavik på Island.  – Han er spesielt glad i norske rettar, og lovprisar dei gode råvarene vi har i Noreg.  Han lagar all maten frå grunnen, og han likar å plukke bær og sopp som han brukar i matlaginga.  Utover året skal vi nok få smake hans matlagerkunst – hans egen favoritt er saltkjøtt i løksaus.  Men han liker også god å utfolde seg med ferksvannsfisk og sjølvsagt hjort og elg.  Det blir sunn mann, som lages uten kunstige tilsetningar og blir laga frå bunnen seier George til slutt.

Publisert: 5. mars 2026, 06:00