Sand-familien kjøpte den skulebygningane ved Todalen skule for ei krone – no førebur dei stor opningsfest med dobbelt 60-årsjubileum den 11. mars. Denne veka har handverkarane starta jobben med å klargjera lokalane til opningsfest. Den gamle scena er revet ned og fjerna, og no blir det klargjord for maling av veggane – men først skal det er det sparkling på gang.

Rudi Kanestrøm og Mirina Ravn frå Talgø Tradbo kledde veggane i foajen med gipsplater. Foto Jon Olav Ørsal
I foajéen, der det er bruka lecablokker, blir veggane lekta ut og kledd med gipsplater før dei blir måla. – Fredric Talgø som leiar arbeidet med oppussing av det gamle skulebygget, seier at det er lurt å gjera unna dette arbeidet no, før lokala blir tekne i bruk. Da vi stakk innom torsdag, var det full fart med handverkarane – både elektrikar, snikkarar og malarar var i aksjon.

I gymsalen er alt gymutstyr demontert og scena revet ut. Her blir det fott utstillingslokale. Foto Jon Olav Ørsal
I urmakarverkstaden var Arve Evensen i fullt arbeid med reparasjon av både armbandsur og ei 50-60 år gamal stueklokke som hadde fått nytt liv i verkstaden til urmakarmeister Evensen. Han måtte lage nye deler for å reparer den gamle veggklokka. Den 11. mars er D-dagen for den gamle skulebygninga, for da fyller Sand-tvillingane Aune og Vebjørn 60 år, og da blir det premiere for den nye utstillinga i Todalen skule, samtidig som dei skal feire både bursdagar og utstillingsopning.
Men enno står det nok att mykje arbeid før det er klart til å slå opp dørene på vid vegg!



