På neste formannskapsmøte som kjem onsdag 17. desember kjem sal av Todalen skule på saklista igjen. No er det kunstnarfamilien Sand som er aktuell kjøpar. Dei vil flytte mykje av verksemda til Todalen og ser for seg å drive med både kunst og kultur, og vil kunne nytte lokala til både atelier, rammeproduksjon, lager og utstilling.
I samarbeid med Arve Evensen er det og planer om etablering av urmakarverkstad – Arve er nemleg utdanna urmakarmeister i 4. generasjon og har lang erfaring i faget. Sand er også interessert i barnehagebyggetm, i første omgang som leietakar, men på sikt er det ønske om å kjøpe bygget.

Den nyaste delen av skulebygget inneheld mellom anna kontor og bibliotek og dusjanlegg. Arkivfoto Jon Olav Ørsal
No skal denne saka opp i formannskapsmøte den 17.12. Der blir det spørsmål om å dele skuletomta med 3600 m2 med skulebygget og skuleplassen og resten til Barnhagebygget. Kommunedirektør og ordførar ber om mandat til fastsette kjøpekontrakt og gjennomføre salet av Todalen skule med familien Sand.
Her kan du følge linken til saksdokumenta til formannskapsmøtet 17.12.25.
Les også kva driva.no skriv om saka (+sak)

