Tysdag ettermiddag tok Todalen sanitetsforening turen til Bårdshaugen i Surnadal for å servere kveldsmat til bebuarane på Surnadal sjukeheim, noko dei også har gjort fleire gonger tidlegare.
Sanitetsforeninga hadde smurt opp brødskiver med forskjelleg godt pålegg og ordna med god drikke, så dei 29 som møtte opp og benka seg rundt borda i kantina på sjukheimen demme kvelden, hadde mykje godt å velge mellom.
Etter kveldsmaten var det allsong, der kjente songar stod på reportoaret. Det var også eit lite basarbord, der alle fekk kvart sitt «gratislodd», og slik var med i trekninga av gevinstane.
– Vi frå Todalen sanitetsforening sette stor pris på arrangementet, det trur vi bebuarane gjer også!, sa Ragnhild Ansnes Moe frå Todalen sanitetsforening etter arrangementet på Surnadal sjukeheim tysdag ettermiddag.
