Sanitetsforeninga vart stifta 21. januar i 1916. Tolv kvinner var med på stiftingsmøtet, og foreninga har no vore i samanhengande drift i 110 år!
Dei tolv kvinnene var: Thora Talgø, Margrete Kårvand, Ildri Eide, Ingeborg Ansnes, Borghild Bruset, Ingeborg Hals, Marit Husby, Lisbet Halle (Pestuå), Elisabeth Halle, Dordi Husby, Margrethe Halle (Øyå) og Ingrid Husby.

Medlemmer i Todalen Sanitetsforening fotografert på Kårvatn i 1922. Fremst frå venstre: Marit Husby, Thora Talgø, Margrete Kårvatn, Ildri Eide og Ingeborg Ansnes. Attanfor frå venstre: Borghild Ramsøy Bruset, Margrete Halle, Ingeborg Hals, Ingrid Husby, Lisbet Halle, Dordi Husby og Emma Halle. Frå arkivet til Todalen historielag.
Den første leiaren var Thora Mæhle Talgø (1864 – 1934). Mannen Thore Talgø starta møbelfabrikk ved Storfossen i 1900, men han døydde alt i 1913, og Thora sat att som enke med fire søner og ansvaret for ein møbelfabrikk.
I tillegg var ho svært engasjert i lokalsamfunnet og vart første leiaren i Todalen sanitetsforening i 1916. Ho måtte vere ei sterk og driftig kvinne! Viktige saker var kamp mot tuberkulose og andre folkesjukdommar, spre kunnskap om god hygiene og halde lager med utstyr til sjukepleie i heimane.
110-årsjubileet vart markert på strikkekaffeen 24. oktober med blautkaker, historiske tilbakeblikk og utlodding.
Her var det innlegg med Tora Talgø Valset og May-Elisabeth Holten. Tora fortalde om bestemora Thora og livet hennar. May-Elisabeth tok forsamlinga gjennom historia til Sanitetsforeninga gjennom 110 år – to interessante innlegg.
Matilde Fedje Strande studerer historie ved NTNU i Trondheim. Ho er i gang med forskningsspesialisering i historie med tema «Kvinner i Todalen». Her er det og har vore mange «kule» kvinner: Thora Talgø, Olina Halle, jordmor Gunnhild Øyen, Anna Reitan m.fl.

Rundt kaffebordet: Grete Torvik, Gro Torvik, Solveig Glærum, Marit Sanden Søyset, Aslaug Skansen, Jorunn Husby, Anne Helene Halset, Eli Bruset, Liv Larsen og Tora Talgø Valset. Foto: Dordi Jorunn Halle.
Møtet vart avslutta på tradisjonelt vis med utlodding.
todalen.no ønsker Sanitetsforeninga til lykke med jubileumsåret og arbeidet vidare!

Jubileumsfeiring i Todalen ungdomshus i 2016. Fremst frå venstre: Ragnhild Ansnes Moe, Liv Larsen, Lovise Jørgensen. Attanfor: Sigrun Ørsal, Åse Ville Redalen, Jorunn Hals Ørsal, Astrid Roaldset, Karen Johanne Talgø, Marit Sanden Søyset, Anne Helene Halset, May-Elisabeth Holten, Elinor Bolme, Dordi Jorunn Halle, Ellen Sofie Egeland, Maren Ansnes, Åshild Halle. Foteigar: Dordi Jorunn Halle.


