Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen.no held koken

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mai 2026

Onsdag kveld hadde Todalen.no sitt årsmøte i Skulstuå, med vanlege årsmøtesaker til handsaming.  Årsmeldinga viste at nettrafikken har vore på det jamne, og det har og medlemsmassen vore. 

Todalen.no har hatt 29 komersielle medlemar og 29 frivillige lag og organsisasjoner. I tillett er det høve til å være støttemedlem og her er det 204 betalande i 2025.   Det framlagte regnskapet viser et lite overskot på 24.848 som er litt betre enn budsjettert.  Todalen.no har ein solid økonomi, og både årsmelding, årsrekneskap og revisjonsmelding vart godkjent. 

Frå årsmøtet i Todalen.no onsdag kveld. Foto Jon Olav Ørsal

Valet var også enkelt – 2 styremedlemar  var på val  Mali Skjærmo Brøndbo og Emil Haugen Ansnes var på val, og det var gjenval på begge.  1 medlem i valkomiteen for 2 år – har vart det gjenval på Jo Gjeldnes, og på same måte vart det og gjenval for revisor Knut Bergli for 2026.  Neste post var medlemskontingenten som var ståande uendra for 2027 – kr 2.000 for frivillige lag og organsisasjonar, 3.000 for komersielle medlemar – støttemedlemar kr 200.  

Litt statistikk:
Todalen.no har hatt 6.206.000 besøkande sia starten i august 2009 – talet på sidevisningar i same perioden 12.500.000, medan talet på sidevisningar i 2025 er 751.913.  Todalen.no har hatt besøk frå heile 113 land i 2025 – topp 5 er Noreg, Sverige, USA, Danmark og Tyskland. 

Årets bilete:
Fast innslag på årsmøtet er kåring av årets bilete. Det er veldig stor interesse for å delta på årets bilete, og dermed kamp om både månadens bilete som blir kandidatar til årets bilete. I år var det Anne Søyset som gjekk heilt til topps i konkurransen med biletet «På iskanten 78 gr Nord».Anne var ikkje tilstades på årsmøtet, men vil få premien som er ei innrama forstørring av vinnarmotivet.

Publisert: 13. mai 2026, 21:01