Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TILs Julekalender – trekning måndag 8. desember

Jon Olav Ørsal Måndag 8. desember 2025

Velkomen til ny trekning for måndag 8.desember og til starten på ei ny veke med nye mulegheiter.  Det er 4 gevinstar denne dagen og, der vi skal fortsette å trekkje ut nye vinnarar heilt fram til julaftan den 24. desember.  Første gevinsten i dag er ei staseleg julestjerne som er laga i royalbehandlet furu, med lyslenke inkludert – her bars det direkte til Trondheim og vinnarane Mari og Peder Klingen Talgø. 

Dagens andre gevinst er eit brett med egg – her var det Anita Talgø som hadde kjøpt vinnarloddet.  Tredje gevinsten er eit glas med Todalshonning – her vart det Trym Holmestad med bessmor på Heimstad som vart vinnar.  Fjerde og siste gevinst i dag er ein postkasse i tre, som hamna hos familien Brøndbo på Brubakkan.  Dermed har alle dei fire gevinstane fått nye eigarar.  

Gevinst nr 2 i dag er eit brett med egg som vart trekt ut til Anita Talgø.  Foto TIL

Gevinst nr 3 er eit glas med Todalshonning – vinnar vart Trym Holmestad som har aner frå Heimstad. Foto TIL

Postkasse i tre er gevinst 4 – den hamna hos Familien Brøndbo på Brubakkan. Foto TIL

Som tidlegare annonsert så kan vinnarane avvente at Trimgruppa tek kontakt for å avtale levering/henting av gevinstar.

 

Først publisert: 8. desember 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 7. desember 2025, 12:19