Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TILs Julekalender – Trekning for tysdag 9. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. desember 2025

Nok ein dag med 4 kortreiste gevinstar som er klare for nye eigarar.  Dagens første gevinst er ei juleribbe som vart trekt ut på Mari Hafsås som den heldige vinnar – vi reknar med at det passar godt etter som det er berre 15 dagar att til jul.  

Den andre gevinsten er ein smørkniv som vart vunne av Lidvard Sandven, som nok har kjentfolk på Heimstad.  Gevinst nr 3 denne dagen er verkeleg kortreist. Det er heimestrikka sokkar og englar, som vart vunne av May og Tor Holten i Myrjarvegen.  Så er det 4. og siste gevinst i dag som vart trekt ut til familien Heimlund på Melen. 

Gevinst 2 – ein smørkniv vart vunne av Lidvard Sandven. Foto TIL

Gevinst nr 3 er heimestrikka sokkar og englar – vinnarar er May og Tor Holten. TIL

Ein stor pose med kanelsnurrar er gevinst nr 4 – vinnarar er familien Heimlund på Melen. Foto TIL

Som tidlegare så kan alle vinnarane berre vente til Trimgruppa tek kontakt med tanke på avtale om henting/utlevering av gevinstar.   

Først publisert: 9. desember 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 8. desember 2025, 14:38