Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TILs Julekalender – trekning for tysdag 16. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. desember 2025

Vi er klare med trekninga for tysdag 16. desember, og for å gå rett på sak så er det eit par vottar som er første gevinsten i dag, og den heldige vinnaren er Gunn Talgø. Dermed er det klart at vottane hamnar i Oslo hos Gunn som bur der. 

Dagens 2. gevinst er eit brett med egg – vinnar vart Johna Moe Røv, som bur i Surnadal. Foto TIL

Dagens andre gevinst er eit brett med egg, som vart trekt ut til Johna Møe Røv, som bur i Surnadal, men har besteforeldre i Todalen. Gevinst nr 3 er eit glas med granola, som vart trekt ut til Unni Talgø Aas, og dermed bers det til Sunnmøre og nærare bestemt Tafjord med den.  Fjerde og siste gevinst er ein pose med nystekte wienerbrød som vart vunne av Magne Søyset. 

Tredje gevinst i dag er eit glas med granula – vinnar vart Unni Talgø Aas som bur i Tafjord. Foto TIL

Den fjerde og siste gevinsten i dag er ein pose med nystekte wienerbrød – vinnar vart Magne Søyset

 

Vinnarane kan avvente kontakt frå TILs trimgruppe for å avtale henting/utlevering av gevinstar.  

Først publisert: 16. desember 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 14. desember 2025, 07:47