Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TILs Julekalender – Trekning for torsdag 11. desember

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. desember 2025

Vi er komne til den 11. desember og vi er klare med 4 nye gvinstar som er trekte ut til i dag kl 06:00.  Den første gevinsten i dag er ein sekk tørr bjørkeved som var trekt ut til Maria Bergli på Sandstad.  Den første gevinsten hamna altså på Kvennset. 

Nye vinnarar sikra seg også dei tre neste gevinstane på dagens trekningsliste – gevinst nr 2 er eit sett med englar, som hamna hos Anita Talgø på Talgø gard.  Den tredje gevinsten som er ei flaske med ripssaft vart vunne av Berit Pauline Kårvatn og hamnar på Skei.  Fjerde og siste gevinst i dag var eit handkleforkle som vart vunne av Torunn Nordvik og hamnar altså på Nordvik.  

Eit sett med hekla englar vart vunne av Anita Talgø. Foto TIL

Ei flaske ripssaft var gevinst nr 3 . vinnar vart Berit Pauline Kårvatn – Foto TIL

Eit håndkleforkle var 4. og siste gevinst i dag . vinnar vart Torunn Nordvik. Foto TIL

Alle vinnarane blir kontakta av TIL trimgruppa med tanke på henting/utlevering av gevinstar.  

Publisert: 11. desember 2025, 06:00