I dag startar vi på den siste heile veka før jul, og er på plass med 4 nye gevinstar som skal fordelast på loddkjøparane. Første gevinst ut er eit sett heimestrikka gryteklutar som vart trekt ut til Bjørn Kvendset som vinnar.

Gevinst nr 2 i dag er eit innrama bilete med motiv frå Storfossen, og vart vunne av Axel Redalen. Foto TIL
Dagens andre gevinst er eit bilde med motiv frå Talgøfossen, som vart trekt ut til Axel Redalen – han bur i Trondheim, men er hyppig gjest i Todalen.
Tredje gevinsten er ei flaske ripssaft som vart trekt ut til Bjørn Redalen, som altså vann sin andre gevinst i dag – det kaller vi flaks! Dagens siste gevinst er ein boks rømme frå Todalen Meieri, og vart vunne av Trym Holmestad, som er hyppig gjest hos bestemor Marit på Heimstad. Todalen Meieri kan forresten skilte med ferskt NM-sølv. Under NM i ost var rømme eigen kategori der det altså vart sølv.

Dagens 3. gevinst er ei flaske ripssaft – vunne av Bjørn Kvendset. Dette er dagens andre gevinst for Bjørn – det kalles veld flaks? Foto: TIL

Dagens 4. gevinst er ein boks rømme frå Todalen Meieri, som forøvrig kan skilte med fersk NM-medalje for sin rømme, som er eigen kategori under NM i ost. Vinnar vart altså Trym Holmestad med aner frå Heimstad. Foto: TIL
Som tidlegare annonsert kan vinnarane avvente kontakt frå TILs trimgruppe med tanke på henting/Utlevering av gevinstar.

